Current track

Title

Artist

Background

Ågotnes Skule vant 12 rette 2019

Written by on 14. juni 2021

Ågotnes skule vinnarar av 12-rette konkurransen!

Endeleg, over eit år etter at vi skulle ha finalen i 12-rette konkurransen kunne vi i dag kåre vinnarskule. Finalen skulle eigentleg vore 14. mars i fjor, men det var den helga pandemien sette eit bråstopp for det meste. Nå har 6. klasse elevane blitt 7. klassingar og skal snart begynne på ungdomsskule, så vi rakk det akkurat.

Ågotnes skule svarte rett på alle 12 spørsmåla (!) og vann over Toftøy som kom på andre og Foldnes som kom like bak på tredje plass. Fantastisk fin innsats av alle dei flinke elevane.

        

Førstepremien er på 10.000 kr, og premiesummen har Ågotnes elevane bestemt skal gå til Kreftforeningen.

Stor takk til dagens dommer, ordførar Tom Georg Indrevik. Og ikkje minst – ein stor stor takk til Sartor Storsenter som opna dørene for oss ein søndag ettermiddag slik at vi kunne gjennomføre finalen i høve til koronareglane.


Reader's opinions

Leave a Reply