Current track

Title

Artist

Background

12 rette konkurransen 09. mars 2024

Written by on 9. mars 2024

Brattholmen skule vann dagens 12-rette finale etter to spennande timar på sentertorget. På delt 2. plass kom Foldnes og Ågotnes, medan Kolltveit (som vann i fjor) kom på 3. plass.
Kunnskapskonkurransen for 7. klassetrinn starta i haust og alle dei 17 barneskulane i Øygarden kommune har vore med.
Før siste spørsmål kunne alle fire skulane vinne, så det var skikkeleg jamnt mellom laga.

Førstepremien er på 10.000 kr. som vinnarskulen må gje til eit godt føremål. Så no er det opp til elevane i 7. trinn på Brattholmen å bestemme kven som skal nyte godt av pengepremien.
Konkurransen har vore arrangert kvart år sidan 2001, og er eit samarbeidsprosjekt mellom Radio Sotra og Sartor Storsenter

Deltakarar:
Brattholmen; Victoria, Thomas, Oskar
Foldnes; Alida, Andreas, William
Ågotnes; Kasper, Phillip, Lucas
Kolltveit; Malin, Sofie, Ydresab
Hoveddommar: Ordførar Tom Georg Indrevik


Continue reading