Current track

Title

Artist

Background

Krafttak mot Kreft / Strilasløyfo

Liatårnet [5357 FJELL]

Event info
Date: 24. april 2021
Time: 08:00
Location: Liatårnet
Address: Festningsvegen 15 5357 FJELL
Phone: +47 928 86 423
Event: https://www.facebook.com/Strilasloyfo/
Details

Laurdag 24. april vert det arrangert ein ‘’turdag’’ frå morgon til kveld, der målet er å samle inn 200.000 kroner til krafttak mot kreft.

I løpet av denne dagen skal Benjamin Torsvik slå den uoffisielle ‘’rekorden’’ på turar opp Liatårnet i løpet av ein dag. Det vert gått 15 turar, der ulike firma sponsar kvar tur med alt frå 1000 kroner til 15.000 kroner. Til saman vert det 120.000 kroner på desse 15 turane. Dei siste 80.000 kronene reknar vi med å få inn frå privatpersonar som enten møter opp og går tur saman med oss, eller som følgjer med på direktesendinga som vert sendt på Facebook og Radio Sotra.

På turane har vi invitert med oss kjente og kjære fjes frå vest. I løypa denne dagen kjem vi til å sjå alt frå lokale politikarar og stortingsrepresentantar til popstjerner og youtubarar.
Med andre ord, her er det mykje å sjå fram til!

Til no har vi fått med oss følgande sponsorar:

1000kr – Benjamin Torsvik
2000kr – Straume Fysioterapi
3000kr – Silva Regnskap
4000kr – Bricks AS – Rong senter
5000kr – Vest Næringsråd
6000kr – Sparebank 1 SR-Bank
7000kr – RevisorVest / Controller Vest
8000kr – Straume Mesterbygg AS
9000kr – Radio Sotra / Heilt Konge
10.000kr – B. Telle AS
11.000kr – Elon Sotra
12.000kr – Sartor Storsenter
13.000kr – Harddisk / Senterfilm / Absoluttweb
14.000kr – Equinor Sture & Kollsnes
15.000kr – Liegruppen

Arrangement og meir info kjem fortløpande.

Er du interessert i å sponsa Strilasløyfo?
Kontakt: Benjamintorsvik96@hotmail.com

Add to Google Calendar

Add Now