Fjell kåra til Årets kulturskulekommune
 
Klikk her for å se stort bilde (W.0)  X  (H.0) .
 
 

Fjell kommune er kåra til Årets kulturskulekommune 2010. Det var kunnskapsminister Kristin Halvorsen og styreleiar i Norsk kulturskuleråd Aase Sætran som delte ut prisen under landsmøtet i Norsk kulturskuleråd i Fredrikstad i dag.  Under utdelinga  var Fjell kommune representert ved ordførar Eli Årdal Berland, rektor på kulturskulen Bjørn Andersen, skulesjef Ellen Margrethe Hansen og fagleiar Roger Martin. I grunngjevinga legg juryen vekt på at Fjell kommune er ein føregangskommune når det gjeld utvikling av eit kvalitativt godt og breitt kulturskuletilbod. Kommunen har utvikla kulturskulen til å verta eit lokalt og regionalt ressurssenter for barnehagar, skuleverk og fritidskulturliv.