700 tusen kr frå Fylkesmannen
 
Klikk her for å se stort bilde (W.0)  X  (H.0) .
 
 

Fylkesmannen har løyvd totalt 700 tusen kroner til ulike samarbeidsprosjekt i regi av Regionrådet vest. Pengane skal gå til utgreiing av kriminalitetsførebyggjande tiltak, samarbeid om barnevern, og fellesprosjekt knytt til byggje- og plansaker for kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.  - Det er gledeleg at vi får desse pengane. Eg oppfattar det slik at Fylkesmannen med desse løyvingane ser at tiltaka er viktige og at dei er i samsvar med nasjonale satsingsområde, seier rådmann i Øygarden, Torgeir Sæter. Han er koordinator for prosjekta.