1,25 mill. til samhandlingsprosjekt
 
Klikk her for å se stort bilde (W.0)  X  (H.0) .
 
 

Helse og omsorgsdepartementet har løyvd eín million kroner til samhandlingsprosjektet Betre Saman og 250 tusen kroner til JordmorHeim-prosjektet i Fjell. Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen kunngjorde dette i samband med eit besøk i Fjell.

Betre Saman er eit samarbeid mellom Helse Bergen og kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Midlane skal gå til eit pilotprosjekt der målet er å etablera eit lokalmedisinsk senter på Straume i Fjell.  - Dette går rett inn i kjernen av samhandlingsreforma. Pasientane vil oppta mindre sjukehuskapasitet gjennom at dei ligg kortare tid på sjukehus, samstundes som dei får eit betre tilrettelagt tilbod for å meistra kvardagen, seier helse- og omsorgsministeren.  

 

JordmorHeim-prosjektet er eit samarbeid mellom Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus og Fjell kommune. Gjennom dette samarbeidet vil den nye familien sleppa å reisa tilbake til sjukehuset for barselpoliklinikk og prøvetaking.