Vedtok bybanetrasé til Straume
 
Klikk her for å se stort bilde (W.0)  X  (H.0) .
 
 

Fylkestinget vedtok onsdag at ein trasé frå Bergen via Loddefjord til Straume på Sotra må vera blant korridorane for det framtidige bybanenettet, skriv Bergens Tidende. Planleggjarane meiner det ikkje er trafikkgrunnlag for å føra bybana til Sotra, men fylkespolitikarane er ikkje samde i dette. – Bybane er  framtida. Når vi planlegg nytt Sotrasamband, må vi også syta for at bybane er innarbeidd i desse planane, seier Pål Kårbø (KrF). Det var kun Høgre som ikkje støtta framlegget.